Kurs for vidarekomne
I år har me valgt å ha kurs for viderekomne.
Dvs du må kunne grunntrinn og nokre grunnturer.
Kurset er på ca 5 timer, over 2 dager.
Fredag 10.februar kl 18:00, og lørdag 11. februar kl 10:00
i Ungdomshallen.
Kurset koster kr 250,- Per pers.
Oppdatering 1.februar:
Hei
Har du tenkt å vera med på kurs den 10.2 og 11.2 ?
Då vil me at du betalar inn kr 250,- på konto 3480 11 61172 før helga.
Då får me navnelista klar til tirsdag, og finn ut kor mange me vert.
Me har framleis ledig plass.
Venleg helsing
Styret.
Alle innlegg av Swingen
Nyårsfest 2023
Då kan me ynskja velkommen til nyttårsfest lørdag 7.1. 2023.
Me møtast på Ringheim Cafe kl 1900 – presis.
Der får me servert tapastallerken. Vatn på bordet, vil du noko anna, kjøper du sjølv.
Maten koster kr 350,- per person.
Etterpå går me i Hallen for dans og kaffikos.
Betaling innen 20. desember til konto 34801161172,
For å ha skikkelig kaffikos, må me ha kaker. Dersom du vil baka, skriv opp på lista på bordet ved registreringa.
Tre viktige ting:
- Møt tidsnok, maten vert servert kl 1900
- Meld frå om allergier, slik at me bestiller rett mat.
- Merk innbetaling med nyttårsfest.
Vel møtt
Venleg helsing styret
PS:
Me har fått fleire spørsmål i det siste, så no prøver me å svara så godt me kan.
Nyttårsfesten starter kl 1900-presis- på Ringheim Cafe.
Der vert det servert Vossatapas. Stort sett lokale eller norske råvarer.
Tapas: Heimelaga kjøttboller, kyllingkubber, marinerte scampi, baconsurra dadler, lefse med røkelaks og kremost, lefse med spekemat og tyttebærkrem, amadinepoteter, salat, aioli, BBQ saus og focacciabrød.
Det er ikkje åpna for å berre vera med på
Me startar opp att med swingkveldar i Ungdomshallen
Tysdag 23.august startar me opp att med swingkveldar
i Ungdomshallen på vangen.
Me startar som vanleg kl 19:30.
Vel møtt til dans og moro !
Mvh Styret
Kakekveld og musikk med Bengt Eriksen
Styret inviterer til swingkveld med kaker og Bengt Eriksen som DJ.
Me har allereie 8-10 medlemmar som har meldt seg som kakebakarar,
men me tek gjerne imot fleire.
Venleg helsing
Styret i Voss Swingklubb
Ventetida er over
Endeleg er ventetida over, og me kan møtast att til dans og moro.
Tysdag 22.februar kl 19:30 startar me opp att med swingkveldar,
og me gler oss masse til å sjå att alle saman.
Finn fram att danseskoa, ta gjerne med deg gode vener og ta turen til
Ungdomshallen!
Venleg helsing
Styret i Voss Swingklubb
Nyttårsfesten er avlyst
Me er svært skuffa over å måtta avlysa nyttårsfesten i januar 2022.
Me var begynt å planleggja, men var litt forsiktige med å publisere noko,
då det var så usikkert. Me veit heller ikkje når me kan begynna å dansa igjen.
Del dette, sei ifrå til folk og spreie bodskapen, det er jo vanleg i desse tider.
Me ynskjer alle ei retteleg god jol 🎄🎄🌟🌟
Venleg helsing
Styret i Voss Swingklubb
Hei alle danseglade
Det er aldri kjekt å avlysa dansekveldar, men me i styret har bestemt at dansekvelden tysdag 14.12.-21 går ut. Dei siste smittetilfella i kommunen pluss styresmaktene sine tilrådingar tilsier at det ikkje er forsvarlig med dans.
Me ynskjer alle ei god og fredleg jol der alle får vera friske, så ser me fram til å møtats att.
Følg med på FB og heimesida.
GOD JUL OG GODT NYTTÅR
Venleg helsing
STYRET
Nybyrjarkurs i Swing
Voss Swingklubb inviterer til nybyrjarkurs i swing.
Fredag 19.november kl 18:00 – 21:00. og
Laurdag 20.november kl 09:00 – 12:00.
Kurset finn stad i Ungdomshallen på Vangen.
Pris kr 300 for vaksne og kr 100 for skuleelevar.
Me føretrekkje kontant betaling eller Vipps (579009).
Kursleiar Bodil Reime Sørlie.
Påmelding til og med 15.november til tlf 416 80 211 (SMS).
Hugs namn og antal.
Gode dansesko (gjerne bunadssko) er lurt.
Venleg helsing
STYRET
Me startar opp att
Hei alle medlemar.
No er tida inne for å starta opp att med swingkveldane våre.
Tysdag 5. oktober kl 19.30 møtest me att i Ungdomshallen.
Ta med dansesko og godt humør, det vert kjekt å møtast att.
Venleg helsing
STYRET
Årsmøte 2021
Hei alle medlemar.
Det vert årsmøte i Hallen tysdag 7. september kl 19:30.
Sjølv om det ikkje har vore nokon aktivitet det siste året vert det vanlege saker som årsmelding, rekneskap og val av nytt styre.
Det vert enkel servering, som i fjor.
Påmelding på tlf 416 80 211 innan sundag 5. september om kvelden. Helst på sms, hugs namn.
Håpar mange stiller opp.
Me tek omsyn til kommunale og nasjonale smittervernsreglar.
Venleg helsing
STYRET