Styret inviterer til swingkveld med kaker og Bengt Eriksen som DJ.
Me har allereie 8-10 medlemmar som har meldt seg som kakebakarar,
men me tek gjerne imot fleire.
Venleg helsing
Styret i Voss Swingklubb
Styret inviterer til swingkveld med kaker og Bengt Eriksen som DJ.
Me har allereie 8-10 medlemmar som har meldt seg som kakebakarar,
men me tek gjerne imot fleire.
Venleg helsing
Styret i Voss Swingklubb
Endeleg er ventetida over, og me kan møtast att til dans og moro.
Tysdag 22.februar kl 19:30 startar me opp att med swingkveldar,
og me gler oss masse til å sjå att alle saman.
Finn fram att danseskoa, ta gjerne med deg gode vener og ta turen til
Ungdomshallen!
Venleg helsing
Styret i Voss Swingklubb
Me er svært skuffa over å måtta avlysa nyttårsfesten i januar 2022.
Me var begynt å planleggja, men var litt forsiktige med å publisere noko,
då det var så usikkert. Me veit heller ikkje når me kan begynna å dansa igjen.
Del dette, sei ifrå til folk og spreie bodskapen, det er jo vanleg i desse tider.
Me ynskjer alle ei retteleg god jol 🎄🎄🌟🌟
Venleg helsing
Styret i Voss Swingklubb
Det er aldri kjekt å avlysa dansekveldar, men me i styret har bestemt at dansekvelden tysdag 14.12.-21 går ut. Dei siste smittetilfella i kommunen pluss styresmaktene sine tilrådingar tilsier at det ikkje er forsvarlig med dans.
Me ynskjer alle ei god og fredleg jol der alle får vera friske, så ser me fram til å møtats att.
Følg med på FB og heimesida.
GOD JUL OG GODT NYTTÅR
Venleg helsing
STYRET
Voss Swingklubb inviterer til nybyrjarkurs i swing.
Fredag 19.november kl 18:00 – 21:00. og
Laurdag 20.november kl 09:00 – 12:00.
Kurset finn stad i Ungdomshallen på Vangen.
Pris kr 300 for vaksne og kr 100 for skuleelevar.
Me føretrekkje kontant betaling eller Vipps (579009).
Kursleiar Bodil Reime Sørlie.
Påmelding til og med 15.november til tlf 416 80 211 (SMS).
Hugs namn og antal.
Gode dansesko (gjerne bunadssko) er lurt.
Venleg helsing
STYRET
Hei alle medlemar.
No er tida inne for å starta opp att med swingkveldane våre.
Tysdag 5. oktober kl 19.30 møtest me att i Ungdomshallen.
Ta med dansesko og godt humør, det vert kjekt å møtast att.
Venleg helsing
STYRET
Hei alle medlemar.
Det vert årsmøte i Hallen tysdag 7. september kl 19:30.
Sjølv om det ikkje har vore nokon aktivitet det siste året vert det vanlege saker som årsmelding, rekneskap og val av nytt styre.
Det vert enkel servering, som i fjor.
Påmelding på tlf 416 80 211 innan sundag 5. september om kvelden. Helst på sms, hugs namn.
Håpar mange stiller opp.
Me tek omsyn til kommunale og nasjonale smittervernsreglar.
Venleg helsing
STYRET
Hei alle saman
Etter mange års teneste var den gamle nettsida moden for utskifting.
Håpar du tykkjer den nye sida ser grei ut. Kom gjerne med innspel til andre tema som kan vera aktuelt å skriva om på desse sidene.